Om lama 

Lama (lama glama) tilhøyrer gruppa lama som er eit kameldyr. Det vert dela inn i ulike artar; guanaco, lama, alpakka og vikunja. Lamaen har mindre hovud og spissare mule enn kamelen. Dei har store auge og øyre, tynn og fin hals, lange slanke bein og lang og ulla pels i ulike fargar. Dei kan bli ca 1,6 meter høge, kan vege opptil 250 kg og bli 20-25 år.

Dyra blir benevna med hestespråket, der hannen heiter hingst, hoa hoppe og ungen føll. Lamaen går drektig i omlag 11 månadar, men kan trekke det ut. Føllet veg mellom 10-15 kg når det blir født. Det diar i ca. 4-5 månadar og er fullvakse i 2-3 års alder. Dyra er eit flokkdyr, der ein hanne styrer flokken. Dei er polygame, det vil seie at hannane befruktar fleire hoer under paringstida.

Du kan sjå kva humør dyra er i ved å studere øyrene. Peikar dei oppover er dei nyfikne og oppmerksame. Legg dei øyrene bakover er dei klare til å angripe. Har øyrene rykningar tyder det at dei er nyfikne, men også urolege.

Ein fullvaksen lama kan bere last opptil 40-50 kg. Er den godt trent kan den gå fleire mil per dag. Dyra et omtrent alt. Dei treng strukturfor, då tennane veks heile livet. Lamaen er eit utmerka dyr til å halde kulturlandsskapet vedlike. Ulla blir klypt ca. 2. kvart år. Kjøtet er magert og proteinrikt.

Inkaindianerane frå Peru har bruka lama som husdyr i ca. 6000 år.

 

                                   

                                         

                                               © www.dalanelama.no 2009

www.dalanelama.no